mandag, juli 27, 2009

Ein 7 timar lang fisketur


Anders sit her ved Grøhovdtjønni, eit vatn med uante mulighetar. Då me endelig kom opp til dette vatnet på 992 meter over havet, var det som ein himmelsk opplevelse å sjå. Og for å seie det kort, den mest vellukka aureturen eg har vore på. Eg fekk 3 nydelige, Bjarte fekk 5, Anders fekk 1 (dagens største, ca 3,5 hg) og Sverre måtte til sist nøye seg med å steike fisken. Totalt ca 1 - 1,5 kg fisk.

søndag, juli 26, 2009

Fest og Fisk (rapport 2)


Bilen til Bjarte vart vel ikkje for liten for fangsten ved første storvatn. Eit par-tre vak var alt me kunne skryta av. Me prøver eit vatn til før me gir oss for kvelden.

Fiske- og festerapport frå Haukeli (rapport 1)


Då var årets gutatur i gong, og dei fira gutane Anders, Bjarte, Sverre og underteikna er klar for fisk og fest. Turen går til Haukeli der me skal bu på ei hytta eigd av Bjarte sine svigerforeldre. Dette blir spanande trur me. Sjølv om Sverre er meir bekymra for fotballformen enn noko anna, skal nok jegergryta mi ikveld gjere sitt for at pondusen til Sverre får rett form. Sjå opp for fleire rapportar!

lørdag, juli 18, 2009

Frosk og Fisk


Denne vetle krabaten kom tutlande bort te meg då eg stod og kasta snøret i eit vatn på Meland. Synnøve var glad eg ikkje kyssa den, konkurranse vil me ikkje ha noko av. I tillegg til ein mengde padder var det faktisk fisk i vatnet og. Eg fekk to "medium size" aurar. Veldig nøgd! Og forresten... Eg har fått FERIE!

onsdag, juli 01, 2009

Fløyen


Om ein sitt aleina i ein liten leilighet i byen, sola skin, og alt egentlig er perfekt for ein tur på stranda, eller kanskje ut med båten. Då bør ein gjer alt anna enn å sitte inne og sjå på tv. Synnøve er på jobb, så eg måtte rett og slett væra kreativ og gå ut av meg sjølv. Eg er veldig nøgd med å ha rusla opp her på egenhand. Heilt på egenhand har eg forsåvidt ikkje vore. Har nemlig bedt ein del, noko eg gjer av og til, men som eg burde gjer enda mykje oftare. No skal eg berre nyte utsikten litt til før eg rusle heim igjen.


fredag, juni 26, 2009

Første fisk?


Eg innser at dette først og fremst er ein fiskeblogg. Det er jo stort sett dei store fisketurane eg skriv om. No er me på vei ut ein plass i Nordhordland. Eg har aldri fått ein einaste fisk på land på denne kanten av Hordaland, men kanskje dette er dagen? Det gjenstår å sjå.

lørdag, juni 20, 2009

Utsikt over Haugesund


Eg innser verkeleg at Bjarte har gjort haugesundar av seg, etter at eg no har vore på Haugesund sin nest høgaste topp og fått ein detaljert beskrivelse om ca heile kommunen. Den største opplevelsen i dag er definitivt at me møtte på Erlend Bratland heile to gongar. Fantastisk!

Tannpuss


Samla igjen, endelig! Kva er vel ikkje betre enn å pusse tenna med sine beste vener. Vakkert!

fredag, juni 19, 2009

Haugesund 09


Festen i Haugesund er nett begynt, kaffien er trakta og me ser fram til ei lang natt i nye huset til familien Børtveit. Dei neste dagane ventar mykje spanande. Kva kan ikkje denne byen by på, litt for seint for Elton John, men ellers eit heilt velv av mulighetar.

søndag, juni 14, 2009

Lars på ny fiskeplass


Det vart ikkje fisk verken på meg eller Lars i dag. Her er ein ny fiskeplass me måtte prøve ut, men nordavinden gjorde sitt til at det var best å skifte side av øya. Uansett så skinte sola noko voldsomt i dag, så turen var vellukka.

Ny fisketur



Ny fisketur


Foreløbig bit ikkje fisken på Sotra. Men kanskje snart.

tirsdag, juni 02, 2009

Ved veis ende


Etter litt kald vind var det godt å komma inn. Ingen hang over ripa og ropte på "Roar", så då er me nøgd. No ventar litt varm mat.

Blåtur med jobben


Litt nordavind skremte ikkje vatnet av kyrkjetunet sine tilsette då me reiste ut på tur tirsdag 2. juni. Sjøen er grøn og fin og dei to karane på bilete, Gerhard og Trygve, er med å gjer turen til stor suksess.

lørdag, mai 30, 2009

Da e på Stord fisken finst!


Joda, dei fekk fisk pappa og Synnøve og, men eg fekk den desidert største. 2 kilo vog lyren. No sit eg nøgd i go'stolen og berre nyte fangstresultatet.

Endelig sommar!



Anne Karines torsk



Båttur



Besøk hos Helge og Anne Karine


Endelig er pinsen her. Og kva er vel betre enn å feire Heilag Åndens komme i Ølen. Nydelig vér og god stemning gjer frokosten ekstra god på altanen til familien Stautland. No ventar ein båttur i Ølensfjorden. Sjå opp for fleire bilete på sikt!

tirsdag, mai 26, 2009

Mørkemann Geir på kyrkjekontoret


Det er på tide min kollega og ex-sambygding Geir blir presentert på bloggen min. Som liten gut tutla han rundt i Sågvåg sine mørke gater, og lenge såg det ut til å bli gjengmedlem av han. Men som Nicky Cruze vart han oppslukt av noko meir verdifullt. No sitt han med Bibelen i den eine handa og teiknar krossteikn i lufta med den andre. Ja, tenk det vart prest av guten til slutt. Besøk gjerne bloggen til Geir. Link kjem! PS! Innlegget er skrive med ein viss journalistisk frihet.

lørdag, mai 23, 2009

Litt seinare på kvelden


Ditta va jammen kjekt! Seier gjestene i gullfjellvegen.

Bursdagsfest hos JH2


Det var trangt om plassen då bursdagsfesten til Jan Helge vart feira. På bilete ser du to av våre svenske kjære venner, Jacob og Rebecca.

onsdag, mai 20, 2009

Jentekveld i St. Olavsvei


Ingenting er som ein jentekveld med alt som høyrer med. Det som ventar no er is, chips, brus og filmen Australia.

mandag, mai 18, 2009

Fisketuren over


Då var fisketuren over og litt fisk har me og fått. Personlig drog eg opp ein fin lyr og ei pala. Christer og Bjarne slo meg i sokkane med to og tre lyr pluss paler. Ein vellukka fisketur får ein sei. Takk for turen Simon!

Bjarne



Start på fiskeeventyr i Bjørnefjorden


Om det blir fisk gjenstår å sjå, men tur vart det i allefall.

søndag, mai 17, 2009

17. mai-festen til Signe og Linda


For å stadig oppdatere denne fantastiske bloggen, som by the way nesten ingen les, må eg ta bilder over alt eg er. Dette er frå festen til Signe og Linda på nasjonaldagen. Hipp hurra... Nok ein gong:)

Hurra eller noko!


Mobilblogg er jo kjekt i det minste.

Familien Helle


Første og siste 17. mai med min kjære nabo Leo. Happy 17. mai folkens!

lørdag, mai 16, 2009

16. mai-kamp


Det vart ikkje heilt som forventa dette her. 16. mai-kampen på pc i staden for storskjerm. Men det får vel gå. Stillinga er foreløbig 0-0, men me trur Brann tar seieren også dette året. På biletet ser du Anders oppdateres sin eigen mobilblogg.