mandag, juli 27, 2009

Ein 7 timar lang fisketur


Anders sit her ved Grøhovdtjønni, eit vatn med uante mulighetar. Då me endelig kom opp til dette vatnet på 992 meter over havet, var det som ein himmelsk opplevelse å sjå. Og for å seie det kort, den mest vellukka aureturen eg har vore på. Eg fekk 3 nydelige, Bjarte fekk 5, Anders fekk 1 (dagens største, ca 3,5 hg) og Sverre måtte til sist nøye seg med å steike fisken. Totalt ca 1 - 1,5 kg fisk.

søndag, juli 26, 2009

Fest og Fisk (rapport 2)


Bilen til Bjarte vart vel ikkje for liten for fangsten ved første storvatn. Eit par-tre vak var alt me kunne skryta av. Me prøver eit vatn til før me gir oss for kvelden.

Fiske- og festerapport frå Haukeli (rapport 1)


Då var årets gutatur i gong, og dei fira gutane Anders, Bjarte, Sverre og underteikna er klar for fisk og fest. Turen går til Haukeli der me skal bu på ei hytta eigd av Bjarte sine svigerforeldre. Dette blir spanande trur me. Sjølv om Sverre er meir bekymra for fotballformen enn noko anna, skal nok jegergryta mi ikveld gjere sitt for at pondusen til Sverre får rett form. Sjå opp for fleire rapportar!

lørdag, juli 18, 2009

Frosk og Fisk


Denne vetle krabaten kom tutlande bort te meg då eg stod og kasta snøret i eit vatn på Meland. Synnøve var glad eg ikkje kyssa den, konkurranse vil me ikkje ha noko av. I tillegg til ein mengde padder var det faktisk fisk i vatnet og. Eg fekk to "medium size" aurar. Veldig nøgd! Og forresten... Eg har fått FERIE!

onsdag, juli 01, 2009

Fløyen


Om ein sitt aleina i ein liten leilighet i byen, sola skin, og alt egentlig er perfekt for ein tur på stranda, eller kanskje ut med båten. Då bør ein gjer alt anna enn å sitte inne og sjå på tv. Synnøve er på jobb, så eg måtte rett og slett væra kreativ og gå ut av meg sjølv. Eg er veldig nøgd med å ha rusla opp her på egenhand. Heilt på egenhand har eg forsåvidt ikkje vore. Har nemlig bedt ein del, noko eg gjer av og til, men som eg burde gjer enda mykje oftare. No skal eg berre nyte utsikten litt til før eg rusle heim igjen.


fredag, juni 26, 2009

Første fisk?


Eg innser at dette først og fremst er ein fiskeblogg. Det er jo stort sett dei store fisketurane eg skriv om. No er me på vei ut ein plass i Nordhordland. Eg har aldri fått ein einaste fisk på land på denne kanten av Hordaland, men kanskje dette er dagen? Det gjenstår å sjå.

lørdag, juni 20, 2009

Utsikt over Haugesund


Eg innser verkeleg at Bjarte har gjort haugesundar av seg, etter at eg no har vore på Haugesund sin nest høgaste topp og fått ein detaljert beskrivelse om ca heile kommunen. Den største opplevelsen i dag er definitivt at me møtte på Erlend Bratland heile to gongar. Fantastisk!

Tannpuss


Samla igjen, endelig! Kva er vel ikkje betre enn å pusse tenna med sine beste vener. Vakkert!