fredag, juni 26, 2009

Første fisk?


Eg innser at dette først og fremst er ein fiskeblogg. Det er jo stort sett dei store fisketurane eg skriv om. No er me på vei ut ein plass i Nordhordland. Eg har aldri fått ein einaste fisk på land på denne kanten av Hordaland, men kanskje dette er dagen? Det gjenstår å sjå.

lørdag, juni 20, 2009

Utsikt over Haugesund


Eg innser verkeleg at Bjarte har gjort haugesundar av seg, etter at eg no har vore på Haugesund sin nest høgaste topp og fått ein detaljert beskrivelse om ca heile kommunen. Den største opplevelsen i dag er definitivt at me møtte på Erlend Bratland heile to gongar. Fantastisk!

Tannpuss


Samla igjen, endelig! Kva er vel ikkje betre enn å pusse tenna med sine beste vener. Vakkert!

fredag, juni 19, 2009

Haugesund 09


Festen i Haugesund er nett begynt, kaffien er trakta og me ser fram til ei lang natt i nye huset til familien Børtveit. Dei neste dagane ventar mykje spanande. Kva kan ikkje denne byen by på, litt for seint for Elton John, men ellers eit heilt velv av mulighetar.

søndag, juni 14, 2009

Lars på ny fiskeplass


Det vart ikkje fisk verken på meg eller Lars i dag. Her er ein ny fiskeplass me måtte prøve ut, men nordavinden gjorde sitt til at det var best å skifte side av øya. Uansett så skinte sola noko voldsomt i dag, så turen var vellukka.

Ny fisketur



Ny fisketur


Foreløbig bit ikkje fisken på Sotra. Men kanskje snart.

tirsdag, juni 02, 2009

Ved veis ende


Etter litt kald vind var det godt å komma inn. Ingen hang over ripa og ropte på "Roar", så då er me nøgd. No ventar litt varm mat.

Blåtur med jobben


Litt nordavind skremte ikkje vatnet av kyrkjetunet sine tilsette då me reiste ut på tur tirsdag 2. juni. Sjøen er grøn og fin og dei to karane på bilete, Gerhard og Trygve, er med å gjer turen til stor suksess.