Meir drittvær skal du leite lenge etter, sjølv på vestlandet. Men til tross for det våte, kalde været så var turen til Skogseid- vatnet ein bra tur.
Eg må vel vedkjenna at den norgesrekorden eg hadde tenkt å setja i dag må eg heller ta ein annan gong. Røya var vond å be. Eg fekk meg i staden ein liten trøystepremie av ein aure som eg satse på å ha som søndagsmiddag i førstkomande søndag, dersom eg finn tid og mot til det.
Turen var fin og Lars skal berømmast for heroisk innsats med årane.