skip to main |
skip to sidebar
Eg innser at dette først og fremst er ein fiskeblogg. Det er jo stort sett dei store fisketurane eg skriv om. No er me på vei ut ein plass i Nordhordland. Eg har aldri fått ein einaste fisk på land på denne kanten av Hordaland, men kanskje dette er dagen? Det gjenstår å sjå.
Eg innser verkeleg at Bjarte har gjort haugesundar av seg, etter at eg no har vore på Haugesund sin nest høgaste topp og fått ein detaljert beskrivelse om ca heile kommunen. Den største opplevelsen i dag er definitivt at me møtte på Erlend Bratland heile to gongar. Fantastisk!
Samla igjen, endelig! Kva er vel ikkje betre enn å pusse tenna med sine beste vener. Vakkert!
Festen i Haugesund er nett begynt, kaffien er trakta og me ser fram til ei lang natt i nye huset til familien Børtveit. Dei neste dagane ventar mykje spanande. Kva kan ikkje denne byen by på, litt for seint for Elton John, men ellers eit heilt velv av mulighetar.
Det vart ikkje fisk verken på meg eller Lars i dag. Her er ein ny fiskeplass me måtte prøve ut, men nordavinden gjorde sitt til at det var best å skifte side av øya. Uansett så skinte sola noko voldsomt i dag, så turen var vellukka.
Foreløbig bit ikkje fisken på Sotra. Men kanskje snart.
Etter litt kald vind var det godt å komma inn. Ingen hang over ripa og ropte på "Roar", så då er me nøgd. No ventar litt varm mat.
Litt nordavind skremte ikkje vatnet av kyrkjetunet sine tilsette då me reiste ut på tur tirsdag 2. juni. Sjøen er grøn og fin og dei to karane på bilete, Gerhard og Trygve, er med å gjer turen til stor suksess.
Joda, dei fekk fisk pappa og Synnøve og, men eg fekk den desidert største. 2 kilo vog lyren. No sit eg nøgd i go'stolen og berre nyte fangstresultatet.
Endelig er pinsen her. Og kva er vel betre enn å feire Heilag Åndens komme i Ølen. Nydelig vér og god stemning gjer frokosten ekstra god på altanen til familien Stautland. No ventar ein båttur i Ølensfjorden. Sjå opp for fleire bilete på sikt!
Det er på tide min kollega og ex-sambygding Geir blir presentert på bloggen min. Som liten gut tutla han rundt i Sågvåg sine mørke gater, og lenge såg det ut til å bli gjengmedlem av han. Men som Nicky Cruze vart han oppslukt av noko meir verdifullt. No sitt han med Bibelen i den eine handa og teiknar krossteikn i lufta med den andre. Ja, tenk det vart prest av guten til slutt. Besøk gjerne bloggen til Geir. Link kjem! PS! Innlegget er skrive med ein viss journalistisk frihet.
Ditta va jammen kjekt! Seier gjestene i gullfjellvegen.